Dike er ein jordvoll som skal verne lågtliggjande land mot overfløyming. I Noreg blir omgrepet flaumverk brukt om vollar som er laga av jord, stein og eventult betong for å flaumsikre elvar. For å førebyggje overfløyming ved flaum blir det gjerne bygd mellombelse dike av sandsekker.
Faktaboks
- Etymologi
- av norrønt diki ‘gjørmehol’, i slekt med nederlandsk dijk
Dike finst også i norske stadnamn, som Dikemark i Asker, Lortdikjet i Tolga og Folldal og Svartediket, ein kunstig innsjø som er ein del av vassforsyninga til Bergen.
Mest kjende er dika langs den danske, tyske og nederlandske Nordsjøkysten. Desse er laga til vern mot stormflod og for å tørrleggje grunt hav langs kysten. Særleg i Nederland er dike nytta til landvinning av store område som tidlegare var under grunt brakkvatn eller hav.
Omgrepet dike kan også brukast om våtmark med gjørme eller grøfter.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.